Olav Lundanes


Født: 11.11.1987


Klubb:

Halden SK (2009-)
Østmarka OK (2004-2008)
Emblem IL (1987-2003)

Yrke:

O-løper

Adresse:

Glenneveien 1, 1781 Halden

E-mail:

olav(at)olavlundanes.com

Mobilnr.:

41748764



Eg kjem opprinnelig frå eit no nedlagt gardsbruk på Eikenos, ca 20 km aust for Ålesund. Med fantastisk utsikt over fjord og fjell, og med nærhet til skogen, fekk eg gode mulighetar til å vere mykje ute. Eg blei tidlig tatt med på orienteringsløp og levde lenge i trua av at alle menneske sprang orientering, dei var berre på eit anna løp. Eg forstod vel etterkvart at eg hadde tatt feil, men orientering var, til tross for at det ofte blei store bommar, ein sport eg synast var veldig artig.

I 9 års alderen begynte eg også å gå langrenn, men hadde store problemer med å lære meg å skøyte. Men skulle eg vinne verdenscupen måtte eg lære meg det og fekk tilslutt mi beste norgescup plassering i skøyting. Som skiløpar hadde eg ganske mykje problemer med sjukdom og langrennsatsinga blei trappa ned utover i juniortida. Fekk med meg to Birkebeinerrenn på under 3 timar, med 2.59.42, som beste tid.

Eg har også spelt fotball i 10 år, men etter at eg innsåg at det nok ikkje var mulig å vere proff i England, samtidig som eg skulle vinne VM i langrenn og orientering, spelte eg mest for morroskuld.

Etter at eg blei nr. 3 i Hovedløpet i 14-årsklassen, bestemte eg meg for å satse hardt på orientering. Dei neste to åra var eg best når det gjald på Hovedløpet, men var ikkje så veldig stabil. Eg hadde riktignok innsett kor viktig det var å prioritere å finne postane, i stadan for å prøve å springe så fort som mulig.

Då eg blei junior i 2004 fant eg ut at eg hadde behov for eit større miljø for å utvikle meg vidare. Eg bytta derfor til Østmarka OK, som hadde eit veldig sterkt juniormiljø. Eg fekk ein sterk framgang dei neste sesongane og vann to gull i junior-VM i 2005. Etter denne sesongen blei totalbelastninga for stor og eg sleit litt med å finne tilbake til forma. Under junior-VM i Australia i 2007, tok eg 4 medaljer, av dei to gull, og kvalifiserte meg også for senior-VM i Ukraina. Vant også 9 NM-gull på rad i 2006-2007.

Eg har no budd i Halden i litt over eit år og nettopp fullført min første sesong for Halden SK. Ein sesong som har vore veldig bra med 4.plass i VM og 2 NM-gull. Neste år er det store målet VM i Trondheim.

Meritter

2009

4.pl og 7.pl VM
6.pl NOM Lang
10.pl WorldCup totalt
2 gull og 2 bronse i NM
3.pl Craftcupen totalt.

2008

19.pl EM-lang
5., 8., 10., 12., 12.pl NM
2.pl Craftcupen totalt

2007

2 gull, 2 sølv Junior-VM Australia
1 gull, 1 sølv NOM jr. Bornholm
3 gull, 2 sølv NM jr
1.plass Norgescupen jr. (Craftcupen)
36.plass VM-Sprint Ukraina
25.plass Worldcup Sverige
Årets junior i Norge

2006

2 sølv, 1 bronse Junior-VM Litauen
6 gull NM jr
1. plass Norgescupen jr. (Craftcupen)
Årets junior i Norge

2005

2 gull, 4.plass Junior-VM Sveits
2 sølv NOM jr. Notodden
1 gull, 2 sølv NM y.jr
1.plass Norgescupen y.jr

2004

1 gull, 2 sølv, 1 bronse NM y.jr
1.plass Norgescupen y.jr

2003

Gull i Hovedløpet H16

2002

Gull i Hovedløpet H15

2001

Bronse i Hovedløpet H14


Langrenn

10, 14, 16, 19.plass Norgescupen (2004-2005)
6 KM-gull Møre og Romsdal (2001-2004)
Birkebeinerrennet: 2.59.48 (2004), 2.59.42 (2005)

Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker