Kartarbeid:

Eg har sidan eg var 11 år hatt stor interesse av å synfare og digitaliserte kart. Kartet rundt huset vår var gamalt og av dårlig kvalitet, så eg starta opp revideringsarbeidet med fargeblyantar, matpapir og teikneprogrammet Paint. Begynte etterkvart å bruke Ocad, men det tok likevel tre år før den første utgåva av kartet var klar.

Karta til Emblem var generelt gamle og utdaterte, så har brukt ein del tid på å revidere og digitalisere delar av dei. Eg har også laga ein del skulekart i forbindelse med Skolekartprosjektet til NOF og til Gildesprinten. Etterkvart har eg fått mindre tid til synfaring, og i og med at det er ganske slitsomt fysisk har eg ikkje gjort så mykje synfaring den siste tida. Men digitaliserar framleis nokre kart av og til, for å tjene litt pengar, men også fordi eg synast det er veldig artig.

Så dersom du har eit kart som trengs å digitaliserast, så ta kontakt på olav(at)olavlundanes.com , så har eg kanskje tid til å gjere jobben.


Oversikt over kart eg har arbeida med:

14. Bjønnalihaugen, Skåla IL

2008

1:10000, 5m

Digitalisering


O-teknisk variert og krevende terreng. Kupert terreng, men løpbarheta er jamt over god og gir mulighetar for gode kilometertider.


13. Linfjellet, Østmarka OK

2008

1:10000, 5m

Digitalisering


O-teknisk variert og krevende terreng. Kupert terreng, men løpbarheta er jamt over god og gir mulighetar for gode kilometertider.


12. Tærudtjenna, Østmarka OK

2007

1:10000, 5m

Digitalisering


O-teknisk variert og krevende terreng. Kupert terreng, men løpbarheta er jamt over god og gir mulighetar for gode kilometertider.


11. Østremseter, Emblem IL

2007

1:10000, 5m

Digitalisering


O-teknisk variert og krevende terreng. Kupert terreng, men løpbarheta er jamt over god og gir mulighetar for gode kilometertider.


10. Aksla, Emblem IL

2007

1:7500, 5m

Synfaring og digitalisering


Byfjellet i Ålesund. Ein lang og smal ås, med stirikt nærterreng. Artig terreng å springe i, men o-teknisk relativt enkelt. Det gamle kartet var frå 1981, så det var relativt krevende synfaring, då det var mykje unøyaktighetar og skeivhetar.


9. Blindheimsfjellet, Emblem IL

2005

1:10000, 5m

Synfaring (1/3 av kartet) og digitalisering


Heimeterrenget mitt, som endelig fekk nytt kart i 2005. Typisk kuppert vestlandsterreng, med lettløpte myrar og både fjellterreng og skrålier med litt nedsatt løpbarhet.


8. Solevåg Skule, Emblem IL

2004

1:5000, 5m

Synfaring og digitalisering


Skulekart som dekker ein ganske stor ås og ein del boligområder. Relativt krevande orientering i skogsområda, men dessverre litt lite område.


7. Blindheim Ungdomsskole, Emblem IL

2003/2004/2007

1:5000, 2m

Synfaring og digitalisering


Opprinleg eit lite skulekart, som seinare har blitt oppdatert til sprintnorm og utvida. Eit ganske greitt sprintområde, men litt dårlig løpbarhet i skogen og eit ganske stort område med tunge myrar.


6. Flisnes Skole, Emblem IL

2003

1:5000, 5m

Synfaring og digitalisering


Område rundt barneskulen min, der er reviderte og digitaliserte ein del av kartet frå 1984. Halve kartet er boligområde og skuleområde, medan andre halvdelen er ganske flatt, men tungt terreng med ein god del myrar.


5. Molvær Skule, Emblem IL

2004

1:2000, 2m

Synfaring og digitalisering


Skulekart over Molvær Skule på Sula. Ganske bra sprintområde også eigentlig, med mykje grassletter og store bygningar, samt enkelete skogsområder, som riktig nok er litt lyse grønne. Men det er dessverre eit litt lite område. Årets skolekart 2004.


4. Emblemssanden, Emblem IL

2003

1:5000, 5m

Synfaring og digitalisering


Kart over området rundt badestranda på Emblemssanden. Bra kartgrunnlag, så det var mest revidering og digitalisering. Terrenget er tungt løpbart, spesielt om hausten, men er ikkje så veldig kuppert.


3. Emblem Skule, Emblem IL

2002

1:5000, 5m

Synfaring og digitalisering


Skulekart over Emblem Skule. For det meste enkel revidering og digitalisering av ein del av Emblemsbygda (1995). Mykje dyrka mark, med ein del skogspartier innimellom.


2. Eikenosa, Emblem IL

2002

1:7500, 5m

Synfaring og digitalisering


Utvidelse av 1:5000-utgåva, til klubbmesterskapet i 2002. Skråli med ein del dyrka mark. For det meste grei løpbarhet, men terrenget er i ferd med å gro igjen ein del. Krevende fysisk!


1. Eikenosa, Emblem IL

2002

1:5000, 5m

Synfaring og digitalisering


Mitt første kart! Skråli med ein del dyrka mark. For det meste grei løpbarhet, men terrenget er i ferd med å gro igjen ein del. Krevende fysisk!


Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker