Treningssamling og Vinterstafetten

10.03.2008

Denne helga har eg vore i på klubbsamling, med Østmarka, i Fredrikstad. Vi hadde ei nattøkt på fredagen og to økter på laurdag. På søndag søndag sprang eg vinterstafetten i Halden.

Fredag kveld sprang vi løypa frå natt-klubbmesterskapet til Fredrikstad SK, som var arrangert kvelden før. Eg følte meg tung i beina, som eg har vore etter at eg kom tilbake frå Spania, så eg tok det som ei ganske rolig økt. Greidde å gjennomføre ei god økt, der eg ikkje hadde postbom. På langstrekket til 11.post blei det litt mykje på tverrs av streken og det var også vanskelig å komme ned skrentane i starten. Ellers var det ei bra nattøkt.

Kart nattøkt

På laurdag sprang eg to rolige økter, der o-teknikken fungerte greitt, men kroppen var framleis ganske tung.

Kart første økt laurdag

På søndag sprang eg på lag med Thor Mella under Vinterstafetten i Halden. Før start var eg litt usikker på korleis forma var, etter at det har gått litt tungt den siste veka. Forma var bra den, men o-teknikken fungerte ikkje som den skulle. Allereie på veg til første post leser eg for lite, og berre ventar på å komme ut på dn kvite ryggen. Kryssar i staden bekken og dalen og opp på neste rygg, der den andre gafflingsposten er. Konstaterer at eg er feil og har nok tapt 2 1/2 min når eg er tilbake på min første post. O-teknisk gjer eg det ganske bra heilt til eg kjem til siste post. Tok ein grov kurs ut av posten, som eg tidlig mistar, og har heller ikkje noko plan for kva eg skal lese på. Tek meg innigjen når eg kjem ut på den kvite ryggen igjen.

Eg har jobba mykje med å forenkle o-teknikken min, men i dag tok eg meg ikkje nok tid til kartlesing, så da ble det ei dårlig gjennomført økt. Kjem til å bruke ein god del tid framover på å finne ein betre balanse mellom forenkling og kartlesing.

Kart Vinterstafetten
Resultater

Denne veka skal eg bruke til mengdetrening i Oslo. I morgon er det Ås by night and fog cup, også satsar eg på å få gått nokre turar på ski. Løpsforholda begynner å komme seg her i Oslo, men det er framleis ein del is.

Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker