JK

26.03.2008

Etter å ha vore i Skåne i påska fleire gongar dei siste åra var det i år på tide dra ein annan plass. Årets påskesamling gjekk derfor til Sør-London. Vi var først tre dagar på treningssamlimg før JK, som er England sitt største løp, starta med sprint fredag 21.mars.

Etter at eg har fått trena veldig bra den siste tida, var planen at dette skulle vere den siste veka i ei hard periode. Dei første tre dagane brukte eg til til rolig o-teknisk trening, der eg fekk jobba med grunnteknikken i kontinentaltterreng. Vi trena ein god del i området rundt Bagshot og Camberly ca. 1 time sørvest for London sentrum. Her var kart og terreng veldig bra, og fekk godt utbytte av øktene.

Kart frå trening onsdag formiddag
Kart frå trening onsdag formiddag

JK Sprint 21.mars:

Fredag starta Jan Kjellströms Festival (JK) med sprint løp på Surrey University ved Guillford, samme stad som Worldcup Sprint kvalifisering blei arrangert i 2005. I utgangspunktet var det mellom og lang distansene eg satsa mest på denne helga, men hadde som målestning å gjennomføre eit godt teknsisk løp også på sprinten.

Terrenget var ganske krevende og eg følte at eg sprang litt med handbrekket på den første delen. Eg hadde ingen bestetider, men sprang jamt bra og leda løpet på 9.post. Etter det blei det litt dårlig flyt ei periode, og tapte nok også litt tid farta på slutten. Tilslutt blei det 4.plass, 20sek bak Daniel Hubmann som vann.

Kart JK Sprint

JK Mellom 22.mars:

Mellomdistansa dagen etterpå fekk ein veldig god start. Var med heilt i teten til eg starta på det krevande området. Sjølv om eg var godt på forskudd med orienteringa så taka eg ikkje dette spesielt bra og bomma på tre postar på rad. Fant ein betre flyt etter det, men gjorde små feil og tapte tid på fleire strekk til vi kom til 13.posten og var ferdig med den mest krevande delen av løypa. Derifrå og inn til mål sprang eg veldig bra og tok inn tid på teten. Blei nr. 5, 1.21 bak Scott Fraser.

Kart JK Mellom

JK Lang 23.mars:

Langdistansa var den eg på førhand det løpet eg statsa hardast på, men eg merka at kroppen begynnte å bli sliten. Gjer eit greitt o-teknisk løp, men bommar inn i posten fleire stadar og taper 10-15 sekunder eit par stadar. Ellers går den første delen greitt. På langstrekket etter passering blei eg verkeleg sliten og bommen på 18.post kom nok ein del av at eg ikkje lengre greidde å vere konsentrert nok. Heilt på slutten gjekk det sakte, men strekktidene seier at det var fleire som sleit, så det skal eg i allefal ta med meg. Med nokre fleire skikkelege langdistanser så trur eg at eg både kan holde betre og greie å orientere betre.

Kart JK Lang del 1
Kart JK Lang del 2

Stafett 24.mars:

På stafetten sprang eg siste etappe. Vi var dessverre havna eit stykke bak, og eg blei ventande litt lenge før eg sprang ut. Snøver og tunge bein gjorde at det blei eit litt tungt løp. Gjorde heller ikkje ein god o-teknisk innsats og tapte ca. 2 min til testen. Sprang oss til slutt inn til ein 14.plass.

Kart JK Stafett






Oppsummering:

Totaltsett er eg fornøgd med veka. Eg fekk mange gode treningar og fekk ein god del gode svar på at treninga fungerar. Riktig nok blei det ingen ordentlig gode løp, og så det er framleis ein god del å jobbe med o-teknisk.

Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker