Ås by Night and Fog Cup og Nattkøppen

03.04.2008

Etter påske har eg hatt litt problemer med å få oppdatert heimesida. Problemet skulle no vere løyst nyheta om påskesamlinga fungerer. Dei siste to kveldane har eg brukt til nattorientering. Tysdag på Ås by Night and Fog Cup på Ski, og i går kveld på Østmarka sin eigen nattkøpp på Bygdøy.

Eg har denne vinteren prioriter å trena ein del nattorientering for å bli betre til å orientere i grønne områder. Eg har derfor sprunge dei fleste løpa av Ås by Night and Fog Cup, som har vore god trening i krevande terreng og med gode løyper. Det var det også denne gongen, sjølv om det var litt ruske terreng denne gongen i Nøstvedtmarka ved Ski.

Kroppen fungerte betre etter nokre tunge dagar i slutten av forrige veke, men o-teknikken var ikkje bra. Hadde tidstap på nestan alle postar og var 5 min bak Simo Martomaa som var raskast. Så eg har framleis ein del å jobbe med når det gjelder natteknikken.

Kart

Onsdag arrangerte Østmarka som vanlig sin nattcup "Nattkøppen", denne gongen på Bygdø. Det var som alltid fellestart og denne gongen tre rundar på ca 2,4 km. I starten var krevande med alle stiane, men etterkvart kom eg såpass på forskudd at det gjekk greitt. Riktig nok hadde eg litt tidstap enkelte stadar, men totalgjennomføringa var ganske grei.

Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker