Blåveissprinten

8.april 2008

I dag sprang eg Blåveissprinten i Fredrikstad. Det var mellomdistanse og løype på 5,3 km på den søndre delen av Blodslitetkartet frå i fjor.

Eg hadde i dag som mål gjennomføre eit godt o-teknisk løp. Med mellomdistanse i ganske lettløpt terreng, var det viktig å vere nok på forskudd med orienteringa, samtidig som at eg heile tida skulle ha god kontroll på kartet. Fekk ein god start på løypa, men til 3.post sprang eg berre på grov kurs, og hadde ikkje kontroll på kvar eg var. Tapte ein del tid her, og mista litt av flyten. Fortsatte med å småbomme til og med 8.posten. På langstrekket til 9.post greidde eg omsider å finne tilbake til flyten og resten av løypa gjekk ganske bra. Blei nr. 3, 24 sekund bak Audun Weltzien.

Resultater

Kart

I går formiddag var eg på Skeidarkollen, naboterrenget til O-festivalen, å trena ei rolig o-teknisk økt. Fekk o-teknikken til å flyte ganske bra, og gjennomførte på ein god måte. På ettermiddagen tok eg på meg eit par tunge joggesko og sprang 5 gongar opp og ned Vettakollen. Blei holdt jamn grei fart, så det blei ei god bakkeøkt.

På måndag ettermiddag setter eg meg på flyet til Tsjekkia, for å dra på VM-samling. Vi skal denne gongen trene i terreng som ligger like i nærleiken av VM-terrenga, så det blir nok ei veldig relevant samling. Torsdag til søndag skal vi delta i " Moravian Open Championship 2008" som er relevante konkurransar med tanke på VM. Det er mange land som har samling i området den veka, så startfeltet blir nok veldig bra.

Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker