Treningssamling Praia de Mira

19.02.2009

Den siste veka har eg vore på treningsamling i Praia de Mira i Portugal. Med den vinteren som har komme til Halden i februar var det godt å komme ned til snø- og frostfrie terreng i Portugal.

Det begynner å bli lenge sidan eg har oppdatert heimesida mi, men det har såklart skjedd mykje på desse månadane. Det aller viktigaste har vore at kroppen no fungere veldig bra igjen og eg kan trene dei treningsmengdene eg ønsker. Etter mykje opp og ned i november og desember, har det vore mykje positivt etter jul. Eg holder meg framleis litt unna dei aller tøffaste treningsvekene, men forma er i allefall ganske bra til å vere midt på vinteren.

Etter litt trøbblete forhold, med ein del snø i starten av februar var det godt å komme seg til barmark i Portugal. Eg reiste til Praia de Mira på vestkysten av Portugal og trena ei drøy veke i dei lettløpte kystterrenga der. To av dagane reiste eg inn i landet til terrenga der Portugal O-Meeting blei arrangert i 2007, for å få litt variasjon i treninget. Eg fekk gjennomført mange gode treningsøkter, i stor grad rolige o-tekniske økter, men også enkelt høyøkter. Totaltsett var det ei veldig god samling der eg fekk jobba veldig bra med dei o-tekniske basis ferdighetene.

Dessverre har eg litt problemer med GPS-klokka, så det blir berre vanlige veivalg:

Mellom Gestoso utan veivalg / med veivalg
Gafanhas utan veivalg / med veivalg
Natt Praia de Mira utan veivalg / med veivalg
"Rundt kart" utan veivalg / med veivalg

Tilbake i Halden, via ein fantasikt flott skitur i Nordmarka onsdag kveld, har snøen lagt seg i ganske gode mengder her også. Det gir dermed ein del mulighetar for skigåing her også. På måndag drar eg til Bulgaria, nærmare bestemt Varna ved Svartethavet og der er det forhåpentligvis barmark. Etter det blir det samling i Skåne og så til Frankrike i slutten av mars.


Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker