Verdenscupfinalen - Ei avspeiling av sesongen 2009

30.09.2009

Sist helg sprang eg den siste verdenscuprunden i Sveits. Som tidligare i år når eg har sprunge mellomdistane blei det eit litt middels løp og ein 13.plass. Sprinten gjekk derimot ein god del betre, og eg nådde målet mitt om å bli topp-10 i samandraget.

Mellomdistansa gjekk i ei stor skråli på kartet Irchel nord for Zürich. Eg fekk til ein god start på løpet i den første tekniske delen. Frå 4.post og til 10.post gjorde eg fleire større og mindre feil, som gjorde at eg raste nedover på listene. Eit god gjennomført langstrekk og ei grei avsluttning gav 13.plass i mål. Det er der eg har vore på alle internasjonel mellomdistanser i år, og det har sånn sett vore mi svakaste distanse. Å heve meg frå desse middels løpa på mellom er noko eg vil jobbe med mot neste år.
Restultatliste mellom WC8
Kart Mellom WC8

Sprinten i Zürich sentrum på søndag er eit løp eg er fornøgd med. Sjølv om det blei litt tungt fysisk på den siste runden og eg tapte nokre plasseringar, er ein 8.plass noko eg er godt fornøgd med. Utifrå TV-bileta er det i allefall ingen tvil om at det går litt tungt på slutten.

Denne gongen kunne vi bevege oss fritt i byen i dagane før løpet. Det resulterte i at eg hadde ein god del uvanlige taktikkar for strekka. Spesielt for strekka på den første runden, der det var lett å gjere seg kjendt. For meg er ikkje orientering slik eg tildømes tenkte frå post 8 og fram til passering, etter eit raskt blikk på kartet:
9.post: Ned den nordlige hovedinngangen til parken, inn "døra" til "leikeparken" og til høgre.
10.post: Åja, under den brune trebrua.
11.post: Ut inngangen ved toaletta og bort i trappeoppgangen til den store fine brua.
12.post: Rundt politistasjonen til høgre, ned den litt trappa, og bort til gangbrua.

Sjølv om det i dette tilfellet var det mest effektive, så er det slik ein kan tenke på eit lokalt treningsløp og ikkje i ein verdenscupfinale. Å droppe å prøve å gjere seg kjent ville gitt meg eit stort handicap og det var aldri aktuelt. Mi meining er at det beste for alle er at terrenget er heilt sperra for alle løparar på forhånd. Vi har faktisk reglar om at dei som er for kjent i området ikkje får startet. Derfor burde det ikkje vere noko behov for å prøve å rettferdiggjøre at også desse får starte.

Eg slenger meg også på klagekoret over at det utdelast dobble poeng i verdenscupfinalen. Min 8.plass resulterte der i 70 poeng, nestan like mykje som eg fekk for 4. og 7.plass i VM. Hadde det vore ultra-lang i Clermont-Ferrand, så kunne det kanskje forsvarast, men sprint i ein by som vi kan pugge så mykje vi vil på forhånd? Nei, takk for meg i allefall.

Restultatliste sprint WC9
Kart Sprint WC9 Del 1
Kart Sprint WC9 Del 2

I morgon drar eg til Levanger for ei fem dagers lang treningsamling mot VM neste år. Etter det er det 25-manna, EM-samling i Bulgaria og Smalandskavlen, som avrundar sesongen. Etter det blir det ei kort pause, før fokuset virkelig rettast mot neste år.

Orienteering.is og Halden Arbeiderblad har den siste veka skrevet litt om min sesong i år, og kva eg tenker framover:

Lundanes - Norway's new star
Skuer mot fremtiden

Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker