Seier i 25-manna!

10.10.2009

Etter ein kjempeinnsats på alle 25 løparane tok vi i dag seieren i 25-manna med Halden SK. Takk til Kiril, Emil, Celine, Ida, Iliana, Lea, Ane, Gina, Gry, Anders, Anders, Morten, Jon, Magne, Morten, Jan, Helmer, Kjetil, Pekka, Søren, Erik, Marius, Hans og Anne Margrethe!

Eg sprang ut som nr. 2 på nest siste etappe, ca 1.30 bak ledande Tampereen Pyrintö. I starten gjekk det ikkje heilt bra, og eg hadde ein bom på ca. 15-20 sekund ut av 2.post. På 5.post var eg forbi finnen og var veldig bestemt på å holde tempoet nede. Dette fungerte bra, og da det verka som at han ikkje hadde dagen, fekk eg ganske raskt ei luke. Denne berre auka inn til mål og eg kunne sende Anne Margrethe ut på siste med omtrent 3 minutters ledelse. Denne ledelsen holdt ho heile vegen til mål og vi hadde god tid juble over seieren på oppløpet.

Sjølv om internasjonale mesterskap og stafettar som TIOmila og Jukola er viktigare å prestere på, så er det utrulig artig å vinne 25-manna også. Både fordi laget inneholder løparar frå heile klubben, men også fordi det å springe på lag med 24 andre faktisk er ganske stort press. Eg meiner også at løp og erfaring som i dag gjer meg til ein betre løpar både på framtidige TIOmila, Jukola og VM-stafettar. I morgon setter eg meg på flyet til Bulgaria for samling mot EM neste år, før sesongen avsluttast med Smalandskavlen om to veker.

Kart
Resultater
Halden starkast igen i 25-manna

Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker