Treningssamling i Bulgaria

21.10.2009

Direkte frå 25-manna drog eg til Bulgaria for å fortsette forberedelsane mot EM neste år. Etter å ha vore der på samling i vinter hadde eg ganske bra kontroll på terrenget, men denne gongen var vi nærmare der EM-byen Primorsko.

Som vanlig på slike forberedende samlingar var kartkvaliteten litt så som så. Men med god matching frå det danske laget og Kiril Nikolov, så blei utbyttet av treningane veldig bra. Eg greidde også å dra i land seieren i den interne konkurranse Black Sea Cup, på den avgjørande jaktstarten. Vi fekk også muligheten til å prøve ein del Bulgarske matspesialitetar, som ostegratinert ost til middag og pasta med honningsaus til dessert!

EM blir for meg det nest viktigaste neste år etter VM såklart, og det er noko eg gledar meg til. Totaltsett føler eg meg allerde bra forberdt, men det vi uansett komme nokre overraskingar på mesterskapet, slik det nestan alltid gjer. Men det er ikkje så mange andre som har vore på to samlingar der nede allerde, så eg er nok ein av dei best forberdte.

På laurdagen mista eg også 2.plassen i CraftCupen til Øystein Kvaal Østerbø. Litt synd at eg ikkje fekk vere med å kjempe om , og seieren i Blodslitet, men denne gongen bli EM-samling prioritert. No til helga ventar Smålandskavlen der eg springer siste etappe på eit av Halden sine lag. Etter ein dårlig start på året har vi hatt ei stigande kurve på alle stafettar, og det er noko vi vil fortsette med i sesongens siste løp.

Kart i kartarkivet, under trening
Smålandskavlen

Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker