Tøff fight til siste siste steg av sesongen!

26.10.2009

I helga avslutta eg sesongen med Smålandskavlen i Tenhult. Halden stilte i år med to ganske jamngode lag, slik at flest mulig skulle få gode stafetterfaringar. Eg sprang den femte og siste etappa på lag Y.

Eg sprang ut på etappa saman med SNO og Lidingö på plassane 3-5, med Emil på Halden 2 (lag-X), ca. 1.30 min bak. I starten gjekk det veldig bra og eg såg eigentlig ingenting til laga eg sprang ut saman med. Forma kjendest veldig bra og teknisk gjekk det også veldig bra. Etter 20 min hadde eg ei teknisk veldig dårlig periode og tapte over 1 min da eg bomma på fire postar på rad. Eg blei då tatt igjen av Emil, SNO og Lidingö. Ei lang gaffling og eit middels veivalg førte til at eg ikkje såg noko meir til desse laga på den første runden.

Rett før passering tok eg igjen Fredrik Johansson frå Lidingö og arbeidsfordelinga i den lille gruppa vår blei ganske raskt klart. Eg følte meg ikkje spesielt bra fysisk på dei litt løpsbetonte strekka på starten av siste runden. Opninga på løpet hadde nok vore litt hard. I og med at det var ei ganske løpsbetont avsluttning på løypa, ville eg prøve å starte spurten tidlig. Opp bakken mot 23.post auka eg tempoet, og eg starta på ein 1,5 km langspurt. Denne holdt heilt til mål, riktignok med minst mulig margin, men det var uansett meir enn nok til å sikre 4.plassen. Der og da var eg så sliten av det føltest godt at sesongen var over.

Bilete av innspurten hos Kontrakurs.se. Utklassing!:)

Emil sprang ei veldig god siste etappe for X-laget og dei tok 2.plassen bak Kalevan Rasti. Tiltross for nest beste etappetid var eg 3 minutt bak Emil, så eg har litt å revansjer på treningane gjennom vinteren. Uansett ei ny sisteetappeerfaring og ein god del situasjonar å ta lærdom av.

Kart Smålandskavlen 5.etappe

Denne veka blir veldig rolig treningsmessig, før eg startar oppigjen for fullt med trening neste veke. Det er no nestan 6 månadar sidan sesongen starta med Natt-NM i Haugesund, men det følast likevel nestan som at det var i går. Det har uansett vore ein lang sesong, og sjølv om motivasjonen er veldig bra, er det viktig at eg tar det litt rolig no. At eg er heilt klar for å starte på vintertreninga frå starten av november er uansett det viktigaste. Og det skal bli utrulig god å få trena "skikkelig" igjen etter ein haustsesong med mange løp og lite mengdetrening.


Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker