Opp og ned, opp og ned, og opp igjen

22.11.2009

Det er vel omtrent 6 månadar sidan eg sist hadde noko å klage på, men starten av november har som overskrifta seier gått litt opp og ned.

Det starta først med at eg tråkka på nok under ei trening og fekk vondt under fotbladet. Dette gav ei veke med mykje sykling og mindre springing enn planlagt. Det blei så ei veldig fin treningsveke heime på Eikenosa med mange lange treningsturar, rolig teknisk trening og nokre gode kvalitetsøkter. Så bra haustvær som denne veka har eg nestan aldri opplevd på nordvestlandet i november.

Tilbake i Halden gjekk eg rett i bakken, med feber og total slapphet i heile kroppen. Det blei nokre dagar utan trening, men sidan onsdag har eg vore bra i gang igjen. Det har dermed ikkje vore så store problem, men det er aldri artig att det hakkar litt når eg har veldig lyst til å komme i gang med ein god treningsvinter.

I går kveld starta vi årets utgåve av Høiås Trimtex Nightcup. Dette var årets første nattøkt, så eg var ganske usikker både på natt-forma. Den første halvdelen gjekk alt i alt veldig bra, så det var nok heller då overmotet blei litt for stort at det gjekk dårlig teknisk. Det er i allefall litt å jobbe med framover.

Kart Del 1 Del 2

Neste helg er det TIOmila-samling i Finspång, og første helga i desember er det Camp Norway her i Halden. Deretter blir det mykje mengdetrening, og også muligens ein del skigåing, fram mot nyttår


Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker