Finspång og Camp Norway

09.12.2009

Dei siste to vekene har eg hatt eit tett program med TIOmila-samling i Finspång, O2-test og Camp Norway. Mellom dette har det også blitt tid til ein god del trening.

For knapt to veker sidan var vi drøyt 20 løparar på TIO-samling i Finspång. Mange gode treningar, både dag og natt, blei gjennomført. For min eigendel fungerte det veldig bra når det var lyst, medan det er meir å jobbe med på nattorienteringa. Uansett eit stort steg for heile laget fram mot TIOmila 1-2.mai.

Natt Fäskogen

Tysdag sist veke sprang eg O2-test for føste gong sidan våren 2008. Eg veit eg har utvikla meg mykje fysisk sidan den gongen, og det var bra å få ein bekreftelse på at "talla" viser det. 80,6 er ein bra verdi, men det burde framleis vere mykje å hente.

Frå torsdag til søndag hadde vil landslagssamling først i Oslo, og så her i Halden. I Oslo var det snø, så det var godt å komme ned til barmark her i Halden på fredag kveld. Den først Camp Norway samla omtrent 180 deltakarar, så det blei veldig bra trøkk på dei harde treningane. Laurdag sprang vi ein kort sprintprolog som danna utgangspunktet for jaktstarten på søndag. Etter ein grei sprint starta eg som tredje mann. Sprang veldig bra den første halvdelen, men låg litt bak på passeringane. Sjølv med ein bom på den tredje runden kunne eg springe alleine ut på den fjerde og siste runden. Gjennomførte også den solid, og vant tilslutt med drøyt 1 1/2 minutt. Teknikken har ikkje fungert heilt bra dei siste vekene, så det var godt å igjen få ein bekreftelse på at det fungerare granske bra.

Jaktstart Del 1
Jaktstart Del 2

Resultater


Diverse fame:
Halden tränade inför 10-mila (Folkbladet)
- Nå er målet VM-medaljer (HA)
Camp Norway – The Pursuit (Orienteering.is)


Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker