Emergency-samling i Alicante

14.01.2010

Med snøen som kom i jula og relativt mange minusgrader har treningsforholda vore relativt dårlige dei siste tre vekene. Det har blitt mange økter innandørs og med kuldemaske. Sist veke drog eg derfor på ei ekstra samling til Alicante.

Der fekk vi stortsett barmark og gode treningsforhold til tross for kaldt og surt vær. Etter lite teknikktrening sidan midten av desember var det ein god del å jobbe med, men eg fekk gjort ein god jobb og kom eit steg vidare mot sesongen. Både alle kroppen sin musklar og luftvegane hadde godt av å få eit avbrudd frå kulda, sjølv om det denne gongen berre var for 6 dagar.

Eg kom tilbake til Halden i går kveld og i dag tidlig var det eit veldig bra startfelt som stilte opp til O-intervallar ved Svinesund. Med ein temperatur på berre 5 minusgrader og overraskande lite snø var det gode forhold i skogen. Beina var dessverre ikkje heilt pigge nok til å ta heim seieren denne veka, men det kjem nye mulighetar.

O-intervallar Svinesund

Planen framover avhenger litt av værforholda, men denne helga blir ganske lett treningsmessigt. Neste veke blir det forhåpentligvis Göteborg Open om værforholda tillater det.


Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker