NM-sprint og EM-testløp i Levanger

19.05.2010

I og med at TIOmila var den einaste konkurransen eg har sprunge den siste månaden, var det godt å komme i gang igjen med konkurransar no i helga.

NM-Sprint blei i år ikkje det heilt store. På kvalifiseringa gjorde eg eit bra løp og det fungerte også greitt. Eg brukte definitivt meir kreftar enn eg hadde trengt å bruke for å komme til finalen, men kroppen hadde nok godt av det når det var andre høyøkta sidan TIOmila. Finalen blei litt tyngre og med dårlige veivalg til 3., 12., 13. og 18.post blei den ein 7.plass. Eg hadde uanset ikkje forma inne til å ta seieren, men eg er litt skuffa over at eg ikkje gjorde eit betre teknisk løp, slik at eg kunne kjempe om resten av medaljene. Uansett var det eit stort steg i riktig retning.

GPS-tracking NM-sprint

Laurdagens mellomdistanse blei helgas beste løp med ein 3.plass og under minuttet bak vinnaren Daniel Hubmann. Dårlig gjennomføring av ein del av dei lengre strekka, men totaltsett årsbeste på mellomdistanse.

GPS-tracking Mellom

Langdistansa på søndagen blei ein del tyngre enn eg hadde håpa på. Det gjekk stortsett litt for smått, men fram til passering var det bra o-teknisk. Strekket etter runding gjekk veldig dårlig og eg tapte ein god del plasseringar her. På slutten av eg heilt i kjellaren, tapte nokre plassar, og endte som nr. 7.

GPS-tracking Lang

Eit par rolige dagar har gitt meg muligheten til å hente meg godt inn igjen etter helga, og eg kan no starte på dei siste foreredelsane til EM. Den siste 1 1/2 veka skal eg bruke på best mulig måte, så er eg sikker på at forma er bra når EM starter neste søndag.


Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker