Klar for EM i Bulgaria

25.05.2010

I morgon setter eg meg på flyet for å reise til Primorsko i Bulgaria for å springe EM. Dei siste to vekene har fungert veldig bra for meg, med gode treningar og ei jamn formstigning. Eg har derfor gode forhåpningar om å vere meg å kjempe om gode plasseringa på EM.

I fjor var eg to gongar på samling i Bulgaria og eg føler at eg har ein god følelse med terrenget. Det er så klart ganske forskjellig frå det som møter oss i Trondheim i august, men eg føler at eg har fått gjort ein god forberedelse.

Eg kjem til å springe sprint, lang og stafett denne gongen. Det er alltid vansklig å droppe distanser, som eg gjer med mellomdistansa denne gongen. Men eg meiner at det er det som vil gi meg best forutsetningar for å prestere på stafetten og på langdistansa, som er dei konkurransane eg satsar hardast på. Eg har også ambisjonar om å prestere bra på sprinten som er EM si opningsdistanse. Det blir sannsynligvis ein variert sprint, noko som bør passe meg bra.

EM i Bulgaria

Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker