Seier i Jukola!

23.06.2010

Å stå opp på natta under TIOmila og Jukola er alltid ein spesiell følelse. Frå å vere i djup søvn, til å vere lys våken og tenke gjennom hundre ulike senarioer for mi etappe tek det berre nokre få sekunder. Dette sjølv om det som regel er midt på natta.

Natt til søndag var det ein veldig fin start på dagen å høre at Anders sprang veldig bra på tredje etappe og hadde ein ledelse på 4-5 minutt. Gjennom dei neste tre etappen og fram til eg skulle springe ut på siste etappe auka ledelsen til omtrent 13 minutt. Sjølv om 13 minutt kan føles som ein evighet, så skal det ikkje mange feila til før usikkerheten begynner å spre seg og riskikoen for dei store blemmene aukar.

Eg tok meg derfor god tid gjennom heile løpet til å lese kartet nøye, og det var berre eit par gongar gjennom heile løpet eg ikkje viste akkurat kvar eg var. Nokre av veivalga var nok ikkje heilt optimale, men utan om det hadde eg lite tidstap. Etter nestan 100 minutt springing var det ein fantastisk følelse å møte resten av laget på oppløpet. Sterk og solid springing av alle gjennom heile natta gjorde, at vi vant Jukola for første gong sidan 2003. Andre laget gjorde også ein glimrande innsats ved å blir tredje beste norske lag på ein 12.plass.

Det er alltid lett å vere positivt til eit arrangement når ein vinner, men ein så høg kvalitet på terreng, kart og løyper som Jukola hadde i år, er det langt mellom. Terrenget var så klart relativt røft ein del plassar, men totalt sett hadde eg ein utrulig fin etappe, tiltross for at nervane definitivt var til tilstades.

Resultater Jukola

Dei to første løpa i Nordic Tour har gått middels bra for meg. I Finland sist torsdag gjorde eg tre større feil og endte på 11.plass. Knock-out sprinten i Stockholm i går blei ein del tyngre enn eg hadde håpa på. Prologen gjekk veldig bra teknisk, og sjølv om det var tungt fysisk, kom eg greitt vidare. I kvarfinalen blei det derimot stopp og eg blei tilskuer til semifinalane og finalen i Gamla Staden.

Totalstilling Nordic Tour

Nordic Tour blir avslutta med jaktstart på Raufoss på laurdag. Eg går ut som nr.12, 3.42 bak ledande Daniel Hubmann, men det er gode mulighetar til å avansere. Løpet sendast i redigert opptakt på NRK 2 kl. 18.00 på laurdag.


Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker