VM-testløp i Verdal

07.07.2010

Ein stubbe som stod i vegen på stafetten på O-festivalen skapte litt ekstra utfordringar fram mot VM-testløpa. Eg fullførte heile etappa mi, riktignok litt smertefullt, men den siste delen følteste det nestan ok. På måndagen var det derimot betraktelig verre, men etter det gjekk det raskt framover og eg fekk til og med sprunge eit par gongar før sprintløpet på fredag.

Sprinten var eit ok løp. Ein ganske bra start, men eg tapte så litt på veivalget til 5.post og sprang inn feil gate på veg til 6.post. Resten var eit greitt løp og eg blei nr. 4.

Eg trenger ikkje å legge skjul på at eg etter løpet var ganske irritert på at nokre få utvalgte løpara fekk utdelt offsettrykte kart, medan resten fekk printa kart. Printa kart, uansett kvalitet, hører ikkje heime på eit VM-testløp, sjølv om det denne gongen sikkert var ein grunn til at det blei slik. Men at ikkje alle løparar får utdelt likeverdige kart er totalt hårreisande. Denne gongen hadde det nok heldigvis ikkje spesiel påvirkning på resultatet, men eg håper at det aldri skjer igjen. Utanom akkurat denne saken så var VM-testløpa eit veldig bra arrangement, med høg kvalitet på karta og løypene.

Mellomdistansa endte også med ein 4.plass etter eit nytt greitt løp. Eg gjorde ein del rart i på første runden, men den andre runden var i allefall veldig bra. Fysisk føltest det også betre og betre.

Søndagens langdistanse blei ganske lang og tøft, men eg gjorde eit bra løp. Eg vant dei tre lengste strekka i løypa og saman med sikker orientering gav det ein relativt klar seier. Undervegs møte eg fleire løpar som nok var piggare enn meg, men eg er totaltsett greitt fornøgd med den fysiske gjennomføringa også. Uansett ein stor framgang totaltsett sidan EM, og det var det eg fokuserte på.

Resultater og veivalg

Etter testløpa har eg blitt tatt ut til å springe langdistansa og stafettene på VM. Dette er dei to distansene eg har ønska mest å springe, så no er det berre å starte med den siste forberdelsen. Stafetten blir ein veldig artig opplevelse med eit sterkt lag, heimebane og forhåpentligvis mykje publikum som skaper stor stemning.

VM i Trondheim


Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker