VM nærmar seg!

05.08.2010

I morgon reiser eg endelig opp til Trondheim og møter resten av det norske laget. I og med at eg første skal springe kvalifisering til langdistansa på tysdag har eg framleis nokre dagar igjen til eg skal springe, men eg kan merke det på kroppen at det begynner å nærme seg.

Den siste viktige treningsperioda frå VM-testløpa og fram til no har fungert stort sett som eg har ønska at den skulle gjere, sjølv om det muligens ikkje såg slik ut på Fjord-O i Sogndal. Eg meiner i allefall at eg no har fått orden på teknikken igjen og er klar til å møte utfordringane som vi møter på VM. Fysisk er forma i allefall i ferd med å komme på plass, men personlig rekord på dei sist to intervalløktene eg har sprunge.

Eit VM på heimebane er noko som eg har sett fram i mot lenge, og det skal bli veldig artig å vere ein del av eit så sterkt norskt lag som vi har i år. Forberedelsane har vore veldig gode og eg har stor tru på at eg kan nå dei måla eg har satt meg.

VM 2010

Sendeskjema VM på NRK1


Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker