Den store drømmen gjekk i oppfyllelse!

19.08.2010

Å få oppleve noko større enn å få springe med eit norsk flagg over mållinja, som verdensmester på langdisanse, er det vansklig å forestille seg i idrettsverdenen. Og det skjedde i tillegg på heimebane, men eit fantasisk publikum langs innløpet.

Det er alltid enkelt å seie etter i etterkant av ein suksses at alt har gått på skinner og at eg har hatt kontroll på alle utfordringar som har vore. Til tross for at det har til tider har sett stygt ut teknsik og at vårsesongen gjekk både opp og ned, så har eg alltid hatt på følelsen av at 12.august så skulle det meste vere i orden. Eg greide også å overbevise meg sjølv om at den følelsen eg har hatt under mange løp både som junior og senior skulle vere godt nok til å oppnå den prestasjonen eg ville. Eit ganske bra kvalikløp gav meg ein god følelse, men det var nok likevel den tyngste dagen fysisk eg hadde hatt dei siste 2 vekene. Likevel holdt det til heatseier og pole posision i finalen

Med start på ettermiddagen blir det ein del nærvar som bygger seg opp på morgonen, men når eg snudde kartet på start var alle heilt borte og alt fokus var på å lese kartet. Å å spurte bortover skiløypa på starten av langstrekket, var nok ikkje det perfekte løpsopplegg, og eg betalte nok litt for det på den siste runden. Langstrekket til 5.post var det einaste dårlige strekket gjennom heile løp. Resten av postane satt veldig bra og med god kontroll på strekka også. Ved arena fekk eg med meg at eg leda med eit drøyt minutt og det gav meg tryggheta til å fortsette på samme måten på siste rundet. Eit par sekund med hjertet i halsen inn mot 25.post og at kreftene virkelig var i ferd med å renne ut gjorde at eg tapte litt på siste runden, men det holdt likevel i massevis.

Å få eit norsk flagg oppe på brua og springe/hoppe/ramle over mål, er nok det største eg har opplevd. Eg har utrulig mange å takke for at det var eg som fekk muligheten til å stå øverst på seierspallen og motta gull-medalja. Foreldra mine og resten av familien er så klart dei som har betydd aller mest, saman med Kenneth Buch som har vore trenaren min sida 2004. Eg vil også takke heile alle dei som var tilstades i Trondheim og støtta det norske laget, samt alle som har sendt ein hilsen i etterkant.

At det var Anders Norberg som blei nr.2 var veldig artig for heile laget, og det var spesielt å stå på pallen mellom han og Thierry Gueorgiou, som nok er dei to konkurrentane eg har lært mest av. Alle tre ser nok allerede fram mot 17.august neste år...

Stafetten blei ei veldig fin avsluting på ei fanstastik VM for det norske laget. Damene starta med å ta sølv og eg når eg sprang ut på siste etappe etter gode etapper av Carl og Audun, var det sju lag som sprang ut samtidig. Eg har sjeldan før vore med på at det har blitt sprunge så fort og blitt orientert så bra på ei stafettetappe. Etter eit storte drama som alltid på stafett endte det opp med at eg sprang oss inn til sølv. Direkte etter målgang føltest det litt små skuffande, men totalt sett er eg veldig fornøgd med løpet. For å tatt gullet måtte eg nok sprunge litt over evne og det er for mykje å håpe på.

Med eit gull og ei sølv-medalje er eg så klart strålande fornøgd med mesterskapet. Eg har sprunge eit VM omtrent utan postbom og med nokre dårlige veivalg som einaste tidstap. Dette har så klart vore hovedgrunnen til at det gjekk bra. Forma har vore veldig bra alle dagane det har vore viktig og eg har lært mykje om meg sjølv gjennom denne veka. VM på heimebane blei endå større enn eg hadde drømt om!

Linkar frå VM:

Alle TV-sendingane frå VM

VM 2010 Heimeside
GPS-tracking Langdistanse

GPS-tracking Stafett

NRKsport.no
VG
Sunnmørsposten
Halden Arbeiderblad


Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker