NM-gull i langdistanse

13.09.2010

Etter at det siste året for det meste har handla om myr og fin granskog, var det ei stor omstilling å begynne å tenke på året NM i langdistanse. Eit par treningsøkter i relevante terreng og ein god del studering av ulike kart over løpsområdet og løyper frå liknande terrenget, gav meg eit brukbart bilete av kva som venta oss. Det gir alltid ei eit ekstra spenning i kroppen å ikkje vite så mykje om løpsterrenget på forhånd.

Eg hadde nok ingen optimal oppladning i veka før, da heile kroppen følest litt utkjørt, men intervalldraga på fredag gav postive tilbakemeldingar. Starten av løpet mitt var greitt nok, men eg tapte litt tid på fleire av strekka. På langstrekket til 6.post tar eg det beste veivalget og eg synast også at kroppen føltast betre og betre. Dei neste 11 strekka og 50 minutta taper eg berre 14 sek til beste strekktid (11 sekunder korrrigert for henging), og bygger opp ein solid ledelse. Ein bom på 17.posten ødelegger litt av flyten, men eg føler likevel eg har god kontroll.

Den siste runden etter passering er brattar og grønnare enn det vi har vore gjennom tidligar, og her missar eg totalt på veivalga. Eg valgt to lange rundtveivalg til 20. og 21.post og tape veldig mykje tid på det, spesielt på det første veivalget. I ettertid ser eg heilt klart at det var to dårlige valg, men eg synast likevel eg taper meir tid på det enn eg fortjent. Eg hadde likevel stor nok ledelse til at det holdt til eit nytt NM-gull.

Worldo Of O har ei flott analyse av løpet, men GPS gir ikkje heilt riktig strekktider, så konklusjonane er ikkje alltid heilt korrekte

GPS-tracking NM-lang

Resultater NM-lang

Mellomdistansa på søndagen blei ikkje noko stort løp. Kroppen var ikkje særlig pigg og eg sprang også veldig dårlig teknisk. Dei første fem postane gjekk greitt nok, men etter det blei det mange bommar. Greidde riktignok å holde dei under kontroll, men det blei likvel eit alt for stort tidstap totaltsett. Eg endte på ein 5.plass nestan 3 minutt etter Carl Waaler Kaas.

Resultater Craftcup Søndag

GPS-tracking Craftcup Søndag

Etter løpet på søndag var eg heilt utslitt, men elve timar søvn i natt og ein kort tur på rulleski i dag, har gjort at eg føler meg langt betre. Eg ser no fram mot NM mellomdistanse og stafett på Beitostølen neste helg.


Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker