Dobbelt NM-gull på Beitostølen

21.09.2010

Årets siste NM-helg innehold i år mellomdistanse og stafett. Etter ein sesong der eg ikkje har sprunge så mange viktige mellomdistanser, så var eg veldig lysten på å gjere eit godt løp i NM. I stafetten hadde vi også eit gull å forsvare frå i fjor.

Mellom kvalifiseringa på morgonen gjekk veldig bra, sjølv om eg var fleire gongar var litt usikker inn i postane. Terrenget var veldig diffust, og det gav meir ein følelse av å springe i eit kontinentalt terreng, enn i den norske fjellheimen.

I finalen opna eg bra og var raskast på dei tre første strekka. Strekka til 4.post og 7.post var ikkje heilt opptimalt gjennomført, men resten av løpet gjekk veldig bra. Eg greidde å avgjøre den tette duellen mot Anders Nordberg med 15 sekund i min favør.

Resultater NM Mellomdistanse

GPS-tracking NM Mellomdistanse

Stafetten på søndag blei vesentlig tettare enn det det var i fjor. Etter bra etapper av Mattias og Anders sprang eg ut som tredje lag på siste etappe. Første delen av løpet blei ein hard kamp om å ta igjen lederlaga Kristansand og vårt eiget 2.lag. Når eg på 7.post var i ganske bra kontakt med dei, var eg også komme frå Bækkelaget og Lillomarka som eg sprang ut samman med. Allerede på 8.post fekk eg muligheten til å stikke i frå og få ei luke på 20 sekund. Denne auka eg gradvis resten av etappa og vi vant tilslutt med 50 sekunder framfor 2.laget. Dermed blei det ein veldig bra dag for oss, da også damene vant sin stafett tidligare på dagen.

Resultater NM Stafett

GPS-tracking NM Stafett

Halden SK

NM-helga på Beitostølen gav ikkje berre to nye gullmedaljer, men det var gode løyper begge dagar, og eit veldig bra kart. Det er lett å ta det som ei selvfølge når det er NM, men det har vore høgt nivå på kart og løyper på alle NM denne sesongen, og det er derfor ekstra artig å stå igjen med ein veldig fin NM-fasit i år. Sprinten får eg prøve å gjere noko med ein gong i framtida.


Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker